Johan Egeberg Mellbye
Eit ord for dagen
Tale ved bygdemøta
7. februar 1925
Kilde: Johan E. Mellbye: Eit ord for dagen - tale ved bygdemøta den 7. febr. 1925. Oslo 1925, s. 2-8

I eit foredrag som eg heldt i 1919, peika eg på at det no var tider, då ikkje berre folk ute på bygdene klårt burde sjå kva verde ein sterk bondesamskipnad hadde, men ogso heile landet elles. Dersom det galdt i 1919, so gjeld det i endå større mun no. Det er ikkje nok at me hev eit bondestand, men dette bondefolket må ogso vera ein intelligent og energisk fyregangsmann for livssynet sitt og meiningane sine og ein kraftig vaktar av vår gamle nedervde kultur. Det er ikkje nok at me hev ein samskipnad; men denne samskipnaden må ein og gjera sterk på denne måten, at landsbygdi fylkar seg um han og uppgåvone hans.

Me hadde eit bondestand ogso den gongen då Noregsveldet gjekk under, soleis som professor Oscar Albert Johnsen hev skildra for os i boki si «Noregsveldets undergang», som på ein merkeleg stutt og ihoptrengd, men takande og forvitneleg måte gjev eit ypparleg oversyn over alle dei faktorar, som førde til undergangen. Millom desse faktorane set professor Johnsen i fyrste rekkje det sterke og einveldige konge- og embetsstyret, som kom i staden for det gamle, desentraliserte folkestyret og som tok til då kong Sverre sigra over Magnus Erlingsson og lendermannsaristokratiet, ein siger som førde til at dei store fellessakene åt staten og samfundet meir og meir gleid ut or folkemedvitet. Ein annan faktor var det djupe forfallet i jordbruket som folketapet i Svartedaudetidi 1349-1371 valda. Fylgjone av denne aller myrkaste tidi me hev i vår folkesoga hev professor Hasund og skildra på ein grundig måte i boki si «Ikring mannedauden», serleg dei økonomiske. Ei sers vigtug orsak til attergangen og undergangen var ogso som professor Johnsen peikar på, at sjøforsvaret vårt forfall, og at handel og sjøfart kom på framande hender, Hanseatane. Grunnlaget for det gamle sjøforsvaret åt Noreg var leidingsinndeilingi i skipreidor. I kvar skipreida skulde bøndene stella og greida ut so og so mange leidingsskip av den og den storleiken, og skipi var av desse svære, opne drakeskipi av den gamle vikingetypen med mange årar um lag soleis som me kjenner dei frå Oseberg- og Gogstadskipet. Men ute i Europa hadde dei slutta med denne gamle typen og gjenge over til koggen, eit sterkbygt, snøggsiglande skip med høge bord og dekk, heilt overmann i strid.

I denne framvoksteren fylgde ikkje bøndene med, mykje godt av di det vanta tiltak ovanfrå. Og med sjøforsvaret gjekk ogso handelen og skipsfarten vår attende, og Hanseattidi tok til.

I det heile fær ein den tokknaden, at hovudgrunnen til at riket gjekk attende og forfall, var at det berande standet i landet, bondestandet, ikkje lenger makta å hevda seg korkje økonomisk eller åndeleg. Mange av førarane vart drepne eller sette ut or spelet under kong Sverre, og Svartedauden øydde endå meir og førde med seg forfall i jordbruket.

Det er ei gamal sanning som ein ikkje ofte nok kan minnast, og det er at soga oftast tek seg uppatt av seg sjølv. Ho tek andre former, og det kan vera framsteg på det eine eller det andre umråde, men su lenge menneskenaturen mykje godt vert den same, so lenge vil ogso uppgang og nedgang, lukke og ulukke skifta både hjå den einskilde og for heile folket. Og liksom hjå det einskilde mennesket stend ogso lagnaden åt eit folk på det upplaget av livskraft, energi og vilje, som det eig.

Det hev vore og er uppgåva åt Norges Bondelag å vekkja Noregs bønder til fullt vitende um si stode og si uppgåve i folket vårt. No som fyrr kviler framtidi og lukka åt landet på jordbruket og bondestandet.

Mange, svært mange, i våre dagar vil kanskje svara på dette: Ja, det kunde vera sant nok i gamle dagar, men no hev me ein industri i snøgg framvokster, og me hev den store skipsfarten vår og handelen. No er ikkje landet lenger so mykje bunde av jordbruket sitt og av bondestandet sitt. Kvifor skal me då taka på oss byrder for å driva dette vanskelege jordbruket vårt?

Ja, ein kan mest synast so, når me tenkjer på dei framtidsvonene som ligg i å nytta ut dei mange millionar av hestekrefter i fossane våre, og når me les alle framstegi innan industrien, og serleg fyre verdskrigen var det ogso langt på veg til, at denne meiningi ogso skulde verta folket si. Verdskrigen gav oss ei åtvaring, men det ser ut som den harde lærdomen han gav oss snart er gløymd att.

Der er komi ei onnor merkeleg bok til jol, ei bok full av paradoksar og mange urimelege ting men ogso med mange nye og gode tankar. Det er «Den neste stat» av Erling Winsnes. Knapt nokon av våre agrarforfattarar hev i ei knappare form eller med meir målande og sterke fargar skildra fylgjone av eit forsømt jordbruk. Høyr berre:

«Setrene ligger forlatte, mange gårdsbruk er nedlagt, aker blir til eng, engen til utmark. Det lønner sig ikke å drive jorden. Det norske folk overgår til annen virksomhet.

Vårt land er ulendt, vår jord tungdrevet. Vi har tele, mager jord, sten, frostnetter. I utlandet er der store flate sletter som kan overfares kilometervis med motorploger og motorharver. Så nedlegger vi vårt jordbruk og hjemfører maten utenfra og betaler med skog og industrivarer.»

«Men.

Om det var så, at det er vårt lands totale ulønnsomhet i smått og stort som er kilden til vår begavelse, vår nasjonale vekst? Så måtte vi gjøre helt om, nære oss av denne kilde, opta det ulønnsomme jordbruk og følge vår egen vei.» - «Jordbruk er Norges rikdomskilde, det samler oss ikke skatter på jorden, men skatter i vår begavelse, vår nasjonale kraft. Tilslutt vender det tilbake også i jordisk velstand, vi vrir gullkorn ut av Norges fattige jord.»

«Finnes der nogen annen vei til vekst enn motgang? Var det ikke stormen, som gav skibene linje? Og nordens vinter, som fødte nordens menneske?

Dette var vårens og ungdommens bud til oss, at vi skulde kjenne verden og gjenopdage vårt eget. Det var den lengste og den tyngste vei, den eneste som er vår livsånd verdig. Slit gir den for armen, men styrke i sinnet og evig glede for baugen. Det er Nordens vei.»

Og boki sluttar med:

«Vår vei heter Nordveien, Norges vei.»

Erling Winsnes skal ha takk. Han hev i boki si gjeve oss nye tankar og det råkande ordet som er det sentrale i jordbruks- og bondearbeidet her i det nordlege og vanskelege landet vårt. Som adlar vårt yrke og gjer det umissande og verdfullt for landet, og som ogso skal setja sitt merke på samskipnaden vår. Endå um me må vera usamde med han i mykje, m. a. i det range synet på kristendomen, som ender og då ter seg i boki hans, so skal me like fullt vera takksame for den hjelpi han hev gjeve oss, so mykje meir fordi ho kjem frå krinsar som til dessa hev [tala] imot oss, eller ikkje synt skynsemd.

Ogso han er i boki si mykje inne på tvikløyvingi i næringslivet vårt og som her er sterkare enn andre stader, både av di jordbruket vårt hev so mange vanskar å vinna over, og av di der er so gode utvegar og store voner på andre umkverve. Ein stor part av desse andre næringane, mykje av storindustrien vår, skipsfarten og utanrikshandelen vår sender greinene sine, renningar og stundom røter langt utover landegrensone. Dei representerer det eg hev kalla den ytre lina åt landet i motsetnad til dei næringar som arbeider på den indre lina åt landet, her fyrst og fremst landbruket vårt. Desse linone finn me att i soga vår. Me kan berre hugsa på den vidgjetne mannjamningi i Snorre millom kongane Sigurd Jorsalfar og Eystein, denne mannjamningi som Bjørnson på ein meisterleg måte hev gjevi liv i «Sigurd Jorsalfar».

Desse gamle vikingane var ikkje av dei klenaste og veikaste karane våre, tvertum, og dei hundre tusen som fór frå oss i utvandringsåri i jordbrukskrisa, mykje av di landet vårt førde ein galen jordbrukspolitikk, del var av den beste ungdomskrafti vår. Og dei som på den ytre lina hev gjort Noregs namn kjent og æra eller stend som merkesmenn i storindustrien og skipsfarten, dei er av våre mest fortente menn. Men, som eg ogso fyrr hev sagt, alt det me hev vunne på den ytre lina, kan stå på spel, kan verta vår øydeleggjing, dersom me ikkje samlar oss um å halda den indre lina vår sterk og kraftig. Tyngdepunktet åt landet skal liggja her heime, det skal ikkje flyta ikring på verdshavi, og dette skal ogso merkja landsstyret og uppsedingi av ungdomen vår. Der må vera ei sunn jamvekt.

Og vilkåret for denne naudturvelege økonomiske og sosiale jamvekti er eit livssterkt jordbruksfolk og eit jordbruk som er liv laga.

Korleis er det no med den økonomiske jamvekti i landet vårt? Korleis er det med pengestellet åt staten? Det siste me hev høyrt er at berre for dei tire siste budgettår er det eit samla underskot på mest 300 millionar i tilskot til all den skuldi, som var fyrr. Og med kommunone er det likeins. Handelsjamvekti vår med utlandet hev sidan krigen synt eit meir eller minder kjempestort underskot. Og næringane våre? Eg skal berre svara for jordbruket, og der veit me, at det med nokre einskilde, men lokale undantak hev vore ei rekkje vanskelege og harde år, underskotsår. Og skattane til stat og kommune ligg som ei mara over landet og syg upp den lause kapitalen.

Det fyrste store spursmål for oss er korleis me skal få pengestellet og økonomien vår på rett kjøl att. Det hev vore uppgåva åt Norges Bondelag frå det vart skipa å arbeida for alt som kan fremja den eigne produksjonen åt landet. Og noko betre grunnlag for økonomisk trivnad og framgang finst det vel ikkje. For å nemna eit par døme frå dette arbeidet: er det nokon som trur at det moderate tollvernet me fekk i 1897, eller for å taka eit døme frå nyare tid med den auken av egg- og kjøttollen, som me fekk i 1922 og som alt hev havt so framifrå verknad, er det noko som trur at me i det heile hadde fenge desse brigde utan arbeidet åt Bondelaget? Eller trur nokon, at det hadde vore ei so pass stor interessa for kornavlen i landet dersom ikkje Bondelaget i 15 år hadde stræva med saki? Vonleg stend ho no framfor den endelege løysingi, vonleg kan me både biletleg og verkeleg sjå dei vakre ordi åt Winsnes gjorde til røyndom: «vi vrir gullkorn ut av Norges fattige jord.»

Men eg hev ofte ved so mange høve tala um denne sida av arbeidet åt Bondelaget. No er saki den at det ikkje berre er økonomi og pengestell som er kome ut av jamvekt av verknadene og etterverknadene frå verdskrigen saman med våre eigne mistak, men ogso menneskehugen er komen ut av jamvekt. Gullstraumen, som strøymde attende, hev teke meir enn han gav, det som verre er, han hev risst vår tru og tillit til framtida, vår tru på den ævelege framgangen og trui på vår eigi evna til å løysa dei spursmåli, som livet kjem med til oss. Han førde med seg ein materialisme og ei njotingssykja, som trengde seg gjenom store lag av folket vårt, og gav mange låke frukter.

Og som ein annan og verre etterkrigssjukdom hev me ogso fenge kommunismen eller bolsjevismen.

Den svenske diktaren Heidenstam skreiv ein gong: «I min ungdom tenkte eg meg vegane åt desse ramaste fyregangsmennene som bratte fjellvegar, der heilage fanor blakra, og der berre dei få utvalde, dei fremste i folket, kunde vandra upp utan å svimra. I dei dagar skimta ein mest den apostoliske skapnaden åt Tolstoi der.

No gjeng der ein sundkøyrd og grå landeveg, som snart ingen reinsleg mann vil setja foten sin på.»

Men på denne grå, sundkøyrde landevegen er ein lut av det norske folket i dag. Kommunismen hev sett seg til mål å velta det samfundet me hev i dag, øydeleggja det som me og fedrane våre hev bygt og verna um i tusen år.

Norges Bondelag hev i programmet sitt og heile arbeidet sitt på det kvassaste sagt frå, at det ikkje vil ha noko med det som er målet og midlane åt kommunismen.

I det samansette notidssamfundet vårt må ei rørsla, som medar på å gjera innverknad femna over eit sers stort umråde, og den bondereisingi, som Norges Bondelag arbeider for, og som me no ser som ei veksande makt i samfundet vårt, kan ikkje ha, og hev heller ikkje berre økonomiske og materielle uppgåvor. Eller som Lars Eskeland nyleg skreiv: «Det er mest utrulegt at gode folk ikkje kan sjå, at bondereisingi hev ei åndssida.» Fyremålet med menneskelivet, det som skil oss frå dyri, skulde då vera å skapa dei best mogelege vilkåri for ånds- og sjelelivet. Og då sjel og lekam her på jordi høyrer saman, so treng ikkje det å syta for den lekamlege trongen og det lekamlege velveret å stå i motsetnad til åndslivet. Eit økonomisk nedkuva bondefolk vil ha vanskeleg for å hevda seg og vanskeleg for å få tid og krefter til å fremja åndslivet. Det er berre når hugen og arbeidet for den lekamlege trongen og for njotingi og hugnaden i livet vert det vigtigaste og einaste, at me fær det me kallar materialisme. Ei bondereising, som berre vilde arbeida på å skaffa auka jordbruksproduksjon til gode prisar, vilde gå utanum ei vigtig side av uppgåva. I arbeidet vårt må me setja oss høge åndelege mål: det skal vera ein idealisme.

Vegen vår heiter nordvegen, Noregs veg. Det er den lengste og tyngste vegen, den einaste som er verdig for livsåndi vår. Slit gjev han for armen, men styrke i hugen og æveleg gleda for bogen. Finst det nokon annan veg til vokster enn motgang?

Men motgangen kan ogso verta for tung, byrda for stor. Det var ytre og indre fårar i samband med alle dei vanskar som vårt eige landslag legg i vegen for oss som maktstal oss i dei dagar og år, då Noregsveldet gjekk under.

Lat ikkje soga taka seg uppatt. Ogso no hev me ytre og indre fårar å strida imot. Det er ikkje nok at me liksom i Hanseattidi fører «munngodt» og billeg mat til landet. Maten skal me mest mogeleg vrida ut av vår eigi fatige jord. Me må ikkje lata pengestell og ring økonomi øydeleggja oss slik at me vert skatteskuldige under utanlands storkapital og hjelpelause til å nytta ut våre eigne herlegdomar eller stå på eigne bein. Og me må ikkje lata korkje den sterke materialismen eller smitten frå Moskva som ein annan pest suga idealismen ut or ungdomen vår og låma krafti åt folket vårt.

Ei sterk bondereising, ein sterk og målmedviten bondesamskipnad må me ha. Og eg trur nok ogso at Norges Bondelag i verksemdi si hev synt, at denne bondereisingi ikkje berre hev dei store praktiske uppgåvone men ogso si åndssida. Men lat det koma sterkare fram! Det som var kjerna og styrken i den mektige Grundtvigske ungdomsrørsla var just det at ho ved å gjeva arbeidet ånd skapte og skaper karakter, vilje og arbeidshug. Skulde eg samanlikna ho med ei rørsla her heime måtte det verta med den religiøse rørsla som den geniale åndskjempa Hans Nilsen Hauge var førar for og som visseleg var ei sterkare orsak til den materielle og økonomiske uppgangen i tidi etter 1814 enn ho enno hev fenge ord for å vera.

Det er meir og meir eit nytt og eit felles livssyn, som gjenom arbeid år etter år hev samla oss i Norges Bondelag, bønder frå sud og nord, vest og aust. Og dette arbeidet skal som me segjer i programmet vårt, taka kraft og farge av vår nasjonale kultur og våre tradisjonar. Og me trur ogso, at utan åndi åt kristendomen kan ikkje dei store kulturelle verdi byggjast vidare til gagn for folket vårt og til sams gagn for menneskja.