Oddny Miljeteig
Fridom for alle!
Torgallmenningen, Bergen, 1. mai 2015
Kilde: Oddny Miljeteigs private arkiv

Kameratar, gratulerer med arbeidarrørslas internasjonale kampdag!

Ta dei raude flagga i syn, ta fagforeiningsfanene i syn -- i dag sameinest me over heile verda. Utan arbeidarrørsla vil alltid dei mest omsynslause arbeidsgjevarane vinna!

La oss helsa bryggesjauarane og Norsk Transportarbeidarforbund som framleis kjempar ein knallhard kamp for faglege rettar og mot at rederia skal kunna driva sosial dumping i norske hamner. Hamnearbeidarane i Noreg er den landbaserte skansen for eit verdig arbeidsliv. Kameratar, hamnearbeidarar skal utføra hamnearbeidarane sitt arbeid -- ferdig snakka!

Kameratar, aldri har det vore stuttare frå nordlege nord til sørlege sør. Ved Middelhavets strender møtest våre vegar, flyborne nordmenn i solsenger -- og våre brør og systrer frå Libya, Syria, Somalia i utrangerte holkar transporterte av dei mest skruppellause menneskehandlarar som aldri har lånt flyktningars liv ein tanke. No skal Erna Solberg etterkvart senda skip til å styrkja Triton, EUs grensekontroll -- medan døde medmenneske driv i land på Lampedusa.

På solidaritetsdagen krev me:

Noreg må NO stilla til rådvelde skip til bergingsaksjonar, ikkje grensepatruljar i Middelhavet. Høyr på Rederiforbundet: La sjøfolka få berga liv!

Noreg må auka innsatsen der flyktningane kjem frå og er -- og: Stortinget må ikkje pingla ut, men ta imot dei 10.000 kvoteflyktningane frå Syria som FN ber oss om!

Skam på regjeringa -- som ikkje eingong vil ta imot dei afghanske kamptolkane utan å trekkja av på flyktningekvoten Noreg har lova FN!

Skam på regjeringa, som ikkje vil anerkjenna Palestina. SV meiner boikottaksjonar er like viktige mot apartheidstaten Israel i 2015 som me meinte i 2005, innanfor eller utanfor regjering! Ta kampen for eit fritt Palestina!

Kameratar, internasjonal naud heimsøkjer vår by. Europas filleproletariat knelar i våre gater, samlar flasker i våre gater, overnattar i hus spekulantar har sett til nedfalls. EUs krisepolitikk har omskapt Europa til eit hav av arbeidsløyse og gjort om inkje velferdsordningar og kollektive rettar på marknadsliberalismens alter. EØS-avtalen invaderer det norske folkestyret som abonnement på Høgrepolitikk. Og i bakrommets mørker lurer forhandlingane om «hallemakane» TTIP og TISA i nye kapittel om kapitalen som trumfar folkestyret: Ein gong privatisert -- alltid privatisert! Kameratar, dette må ikkje verta Noregs og Europas framtid!

Frå fagbevegelsens talarstol påkallar eg solidariteten for dei fire av ti norske uføretrygda som fekk kutta sine månadlege inntekter frå årsskiftet. Med helsing Høgre, FRP, Venstre og KrF. Frå fagbevegelsens talarstol påkallar eg solidariteten for sosialhjelpsmottakarane i Bergen, som Høgrebyrådet har kutta inntektene til -- bustøttemottakarane som byrådet vil rasera bustøtta til!

Frå fagvegelsens talarstol påkallar eg solidariteten med bergenske småborn som vert kasta ut or barnehage og SFO -- straffa avdi foreldre ikkje maktar å betala. No tek SV saka til Stortinget -- me slåst for barnets beste! For det er barnets beste som gjeld -- for alle born, også asylborna, sjølv om Stortingsfleirtalet har devaluert «asylbarn» frå å vera eit barn som har vore tre år i Noreg til krav om fire års opphald. I den humane asylpolitikkens namn: Tre år er lenge nok! Hent Shaimaa heimatt frå Jemen, hent «lagerborna» heimatt frå Afghanistan!

Her vest er me Gullkysten som skaffar Noreg eksportinntektene, baserte på olje og fiskeoppdrett. Berekraftig er ikkje Gullkysten, og snur me oss ikkje om på tikroningen, kan Gullkysten enda opp som den fossile spøkjelseskysten. 

Kameratar, fagrørsla må gå i front for det grøne skiftet! 100.000 klimajobbar no! er Klimavalalliansen sitt krav. I det grøne skiftets namn: Engebøfjellet i Sunnfjord må halda fram med å vera Engebøfjellet og ikkje dumpast i Førdefjorden som gruveslam for kortsiktig vinnings skuld! I det grøne skiftets namn: Rullebane II på Flesland er bakstreversk! Toget er framtida! Monsterprosjektet ferjefri E 39 spenner bein på det grøne skiftet. Og i byen vår: Måtte den mest miljøvenlege, byutviklande dagløysinga verta traseen for bybane mot Åsane!

Kameratar! I tolv år no har høgresida styrt Noregs vakraste by. Økonomien kollapsar til liks med skulebygga som gjer skuleborn sjuke. Høgresidas politiske medisin verkar ikkje. Lærarane får ikkje tida dei treng. Grunnbekvinninga i pleie og omsorg aukar ikkje. Bustadkøen av menneske med utviklingshemming minkar ikkje. Bydrift vert selt. Beredskapen kverv.

Barnevernsborn er på anbod. Heimehjelpa vert privatisert. Heimesjukepleien vert privatisert. Kvinners stillingar er deltid. Kvinners løn er deltid. Kvinners pensjon er konkurranseutsett. Ein hjelpepleiar kan tapa opptil ein million på det -- og den millionen endar som profitt hos investeringsselskap eller i skatteparadis. SV foreslår i Stortinget at det skal verta ulovleg å kutta pensjonen ved privatisering. Pensjon er tilsettes opparbeidde rettar og skal ikkje seljast på børs!

SV går til val på at privatiseringa av kommunale tenester skal reverserast, avtale for avtale. Marknadsrettinga av offentleg sektor må ta slutt! Me vil kosta høgrepolitikken ut or Rådhuset -- og lufta godt! Me vil innføra ei tillitsreform etter mønster av den SF-sosialborgarmeisteren i København har jobba fram. Me vil gje dei tilsette tillit til å utøva sitt fag og sitt skjøn, kasta stoppeklokker og oppløysa testregime. Me vil at Bergen kommune skal slutta med å utsetja seg for sosial dumping --SV vil ha kommunale bekvinningssenter med fast tilsette i heile stillingar. Det er berre heile stillingar som vil heva kvinneløna til likeløn. Og kameratar, SV vil at det skal innførast prøveprosjekt med seks timars arbeidsdag i Bergen kommune, langsiktig prøveprosjekt som kan gje kunnskap medan LO vonleg tek kampen for kortare arbeidstid inn i tariffoppgjera. Snart 100 år etter at åttetimarsdagen vart innført er tida inne: Ta kampen for sekstimarsdagen, kameratar!

Valet til hausten handlar om fridom. Meiner du det er eit kvinners fridomsprosjekt å verta traffikert til strippeklubb i Bergen, då røystar du Høgre, Venstre eller FRP. Meiner du at fridom for eldre, hjelpetrengjande menneske er å kunna velja kva firma som skal gje deg heimehjelp og heimesjukepleie, då røystar du Høgre og dei. Meiner du at fridom er å jobba midlertidige stillingar og satsa på at pensjon og huslån kjem rekande på ei fjøl, då røystar du Høgre og dei. Meiner du at fridom er å overlata til arbeidsgjevar å bestemma søndagen din, då røystar du Høgre og dei. Meinar du fridom er at kvar kommune skal bestemma om det skal vera søndag i kommunen, då stemmer du Venstre. Viss du derimot meiner at fridom er å kunna byggja sitt liv med føreseieleg jobb, føreseieleg inntekt, føreseieleg arbeidstid og eit samfunn som er bunde saman ved at me organiserer oss slik at flest mogleg kan ha fri tid og sundag i lag, då må du ikkje stemma på Høgre, FRP eller dei som vil hjelpa dei til makta. Og meiner du attpå til at fridom skal vera for alle, at menneske i alle livsfasar skal få kommunale tenester utan kommersens perverterte fridom, ja, då må du stemma på SV og meg -- eller andre parti som du kjenner i hjarta ditt tek kampen for den fridommen som ikkje har taksameter eller kassalapp på seg.

Sist, men ikkje minst: Barnevernsborn skal ikkje vera på anbod, men i kjærleik og tryggleik!

Kameratar, det er 1. mai, det er arbeidarbevegelsens dag, det er dagen for solidaritet over alle landegrenser. Fridom -- likskap -- solidaritet. Gratulerer med dagen!