Oddny Miljeteig
I dag heiter det kameratar
Stord, 1. mai 2014
Kilde: Oddny Miljeteigs private arkiv

Gratulerer med dagjen, kameratar! Ja, for i dag heiter det kameratar, og det er ikkje ein floskel eller eit begrep som har gått ut på dato. Kameratar -- det er å stå skulder ved skulder når det gjeld, i stort og i smått, det er fagrørsle og arbeidarrørsle på sitt beste når vi set kameratskapen høgst og fremst. Kameratskap er vakkert, livgjevande og livsviktig -- og eit adelsmerkje for internasjonal arbeidarrørsle og venstreside. Utan kameratskapens styrke ville alltid den sterkaste vinna! La oss med ein gong senda ei helsing til havnearbeidarane og Norsk Transportarbeidarforbund som nett no kjempar ein seig kamp for tariffavtale og fortrinnsrett i hamna i Risavika -- me står bak dykk -- helsing 1. mai på Stord!

Kameratar!

1. mai er altså ikkje potetsetjingas dag! For i dag, på 1. mai i det internasjonale familiejordbruket sitt år, talar bonde-og småbrukarlagsleiaren i Odda. Nemleg!

Solidariteten kjenner ingen grenser, kameratar! Kampen for faglege rettar og anstendige arbeidsvilkår kjenner ingen grenser! For eitt år sidan raste den åtteetasjars tekstilfabrikken «Rana Plaza» i Savar i Bangladesh saman. Dagen før tragedien hadde tekstilarbeidarane oppdaga sprekkar i veggane, og dei vart evakuerte frå arbeidsplassen sin. Under sterkt tidspress om leveransar til vestlege kleskjeder, beordra sjefane arbeidarane attende på jobb. Det kosta 1138 menneske livet. Eitt år etter har lite skjedd når det gjeld tryggleik og anstendige løns- og arbeidsforhold for tekstilarbeidarane, som i fleire land i Søraust-Asia lever under arbeidsleirliknande forhold. Partiet mitt, SV, krev at norske butikkar og klesimportørar må forsikra seg om at arbeidarane i leverandørkjedene har ei løn å leva av -- og trygge arbeidsvilkår. Det heiter anstendighet. Og det heiter solidaritet. For jammen kan billege klede kjøpast for dyrt!

Milliardar, ikkje menneske, det er alltid høgrekreftenes og kapitalismens leiestjerne -- når det kjem til stykket. Det finst endeleg dei som hevdar at finanskrisas konsekvensar i Europa mesta er over og at europeisk økonomi er i klår betring. Vel. Då må ein ha blikket festa einast på aksjekursar og kapitalavkasting! EUs krisepolitikk har omskapt Europa til eit hav av arbeidsløyse og sosial naud. 26 millionar arbeidslause, 120 millionar fattige. Ein halv ungdomsgenerasjon kan hamna utanfor arbeidslivet for alltid, jamvel i Sverige er ungdomsarbeidsløysa på meir enn 25 %, med minst 50.000 unge i arbeid i Noreg! Nedbygging av velferd, kollektive rettar og tilsetjingsvern er ein vilja politikk for å fremja marknadsliberalisme og uhemma konkurranse. Hellas -- vogga for demokratiet -- vert i dag heimsøkt av ein EU-pålagd fattigdom hinsides vår fatteevne: Over 60 % av unge mellom 18-25 år er arbeidslause. Landet er av Røde Kors definert som eit sosialt katastrofeområde, som det fyrste vest-europeiske land etter 2. verdskrigen. I Spania risikerer kvart tredje barn å veksa opp i fattigdom -- med helsing EU, Verdsbanken og Det Internasjonale Pengefondet! EU bergar finanskapitalen og bankane, medan folket betaler. Den Europeiske Union har vorte Elitanes Union. Og i krisepolitikkens kjølvatn marsjerer fascistane igjen i Europa: Gyllent Daggry i Hellas, National Front i Frankrike.

Kameratar.

Europas filleproletariat har nådd Noreg: Tiggarane av romfolket, Europas mest diskriminerte, stigmatiserte og utstøytte folkegruppe, dei som også var utsette for Hitlers Holocaust. I fleire av sine heimland vert dei igjen jaga i døden. Jamvel Frankrike har rive ned leirane deira! Etter murens fall miste mange av romfolket jobbane sine og lever no på andre generasjonen i ytste naud. I dag knelar dei på våre gatehjørne med tiggarkoppane sine. Nei, dei kjem ikkje i hordar, det var skremselspropaganda frå Oslo-politiet i fjor. I Bergen kjenner eg mest alle tiggarane av utsjånad, fleire er dei ikkje. Nei, dei tiggar ikkje om dagen og stel om natta -- Oslo-politiet, igjen, hadde teke munnen for full. Nei, alle tiggarar er alldeles ikkje menneskehandla -- politi og påtalemakt må vaska munnen sin og halda seg for gode til å spreia mytar!

Tiggeforbod er høgresidas -- og Senterpartiets -- «løysing» på tiggarproblemet. Tiggeforbod! Som om fattigdom kan forbyast! Og skal ein også forby menneska som tiggar? I 2006 oppheva eit samrøystes Storting lausgjengarlova og med det eit over 100-årig tiggarforbod i Noreg. Åtte år etter har vi gløymt fattigdommens og dei forhutlas historie i Noreg. Lausgjengarlova heimla arrestasjon og arbeidsleirar for heimlause, for kronisk rusavhengige. Er det attende til eit slikt autoritært tvangsregime høgresida vil ha oss? Kameratar, vi må handheva eit medmenneskes grunnleggjande rett til å be eit anna medmenneske om hjelp! Min påstand er at tiggeforbodet faktisk ikkje vil gå mest ut over tiggarane, men ut over den humaniteten vi som samfunn tilkjempa oss gjennom å la solidaritetens menneskeverd trumfa forakta for svakheit og frykta for det annleise.

Kameratar. 

I debatten om tiggarproblemet kjenner vi gufset frå Jødeparagrafen i Grunnlova. Nett som vi gjer det i asylpolitikken. I det verda hadde passert 99-årsdagen for folkemordet i Armenia, ville norske utlendingestyresmakter senda ut armenske born som hadde budd i Noreg i ni år frå det einaste heimlandet dei kjenner som sitt. Førebels stoppa Oslo byfogdembete deportasjonen. Førebels. KrF og Venstre, som førte Høgre og FRP inn i regjeringskontora, gjennomfører no det mest gnitne «asylbarnamnestiet» som har vore forhandla fram. 130 born av meir enn 600. Justisministeren vil senda politiet inn i kyrkjerommet for å henta ut asylsøkjarar, og FRP vil forby helsehjelp til papirlause. Noreg skal sortera ut dei mest ressurssterke flyktningane på kvoten vi har teke på oss, ikkej dei som treng det mest. Asylsøkjarar med avslag skal få matkupongar, ikkje pengar til mat. Det er rett nok framgang frå den gongen Erna Solberg var asylminister -- og Bondevik II vedtok at asylsøkjarar med avslag ikkje skulle få pengar til mat og tak over hovudet! Vedtaket vart seinare moderert til at ingen hjelpetrengjande på norsk jord skal svelta eller frysa -- i hel. Jo. Du høyrde rett! Dei som trudde at norsk asyl- og flyktningepolitikk ikkje kunne bli verre enn under Faremo og Lønseth, dei tok feil. I effektivitetens namn vert norske born -- ja, for kva er dei elles? -- og foreldra deira sende ut or landet i ekspressfaret før forskrifta kjem som kunne ha gjeve dei opphald. Slik pyntar Solberg og Jensen på statistikken sin over utsende asylsøkjarar. Dei legg i potten liv og helse til born fødde og oppvaksne i Noreg. Dei legg menneskeverd og barnekonvensjon i potten. Og det affiserer dei ikkje det minste! No trugar Per Sandberg, som er ein meister i å fiska i folkedjupets brungrums når det buttar imot for FRP på meiningsmålingane, no trugar han med å gå til AP i Stortinget for å få ein endå strengare innvandringspolitikk. Eg vonar AP vender seg vekk i avsky -- det vonar eg verkjeleg! Vi må saman kjempa for ein human asylpolitikk -- og det finst berre ei løysing vi som solidariske menneskje kan kjennast ved for asylborna -- la asylborna bli! La dei få sin tryggleik og fridom i Noreg -- la dei bli i heimlandet sitt!

Kameratar.

1.mai er ein manifestasjon for fridom og solidaritet. Ingen i heile verda treng vel i dag slik til vår solidaritet som folket i Syria! Syria er ein humanitær katastrofe. 140.000 menneske skal vera drepne, fleire millionar menneske er drivne på flog. Stadig fleire døyr av svolt, og 12 born vert dagleg drepne som fylgje av krigen. Vi må aldri akseptera verdssamfunnets avmakt overfor Syria, vi må tryggja at Noreg nyttar alle verkemiddel som finst for humanitær hjelp, politisk press og styrking av FNs rolle. Det syriske folket treng fridom, mat og fred, syriske born treng ei framtid. Og vi her oppe på Oljeberget, vi må då greia å ta mot 5000 flyktningar attåt dei 1000 vi har lova FNs- flyktningekommissær, veit eg? Sjølv om det er ein drope i havet.

1.mai er ein kampdag for fridom, den sterkaste vi har. Ein halv månad før vi skal høgtida 200-års jubileet for Grunnlova og vårt norske folkestyre ( -- sjølv om berre 7 % av dei røysteføre fekk røysterett etter Grunnlova i 1814), ein halv månad før 17. mai 2014 har Noregs mørkeblå regjering underkasta norsk utanrikspolitikk Kinas kommunistparti og vist fredsprisvinnar Dalai Lama kjøkenvegen. Lagtingssalen får ikkje dei nytta som vil møta han, for det vil ikkje Kinas mektige kommunistparti tola! Det skulle altså ei regjering av Høgre og FrP til for å avstå utanrikspolitisk politikk til Kina -- det er mest så ein må spørja kva mon Mao Tse-tung ville ha sagt til det? Men regjeringa har valt: milliardar, ikkje menneskerettar! Shimon Peres, også fredsprisvinnar, men representant for okkupanten og apartheidstaten Israel, han kjem også til Noreg i mai. Peres han skal takast imot med pomp, prakt og gallamiddag -- og han skal ikkje gå kjøkenvegen! Det er grotesk blåblå dobbeltmoral, kameratar, grotesk blåblå dobbeltmoral!

Dobbeltmoral, ja! Fram til etter valet sigla eit tverrpolitisk borgarleg Noreg, minus KRF, som medgangssupportarar for Abortlova og kvinners rett til sjølvbestemt abort. Ja, Høgres landsmøte i 2013 røysta jamvel for abortlova med overveldande fleirtal! Rett nok 35 år etter at lova vart vedteken -- kanskje somme hugsa på at ikkje ein einaste Høgrerepresentant røysta for Abortlova i 1978 då lova vart vedteken med ei røysts overvekt i Stortinget. Ei røyst. Og det var ingen frå Høgre. Eller frå det ofte kjepphøge Venstre. Eller Senterpartiet. Eller nokon. Det var Arbeidarpartiet og SV -- ingen andre. AP og SV var dei som sytte for at norske kvinner slapp abortnemnder og det formynderiet som hadde fylgt abortsøkjande kvinner i Noreg fram til 1978. Høgre og dei hadde aldri ytt ein kalori til kampen for sjølvvald abort. Difor trur eg dei så lett og så kynisk hestehandla fram reservasjonsretten med KrF hausten 2013. For norske kvinners beste, som Erna Solberg fekk seg til å seia det. Påfunnet med kommunal abortlov var derimot Høi(r)es eige, medan statsministeren sukka over at norske kommunar ikkje ville ha kommunalt sjølvstyre då høyringsfråsegnene fløymde inn i Bent Høie sin postboks frå norske kommunestyre! Stord kom med i siste liten, og Signe Ekeland og Anna Sofie Ekeland Valvatne: ta imot ein systersolidarisk takk for noko med den staaste og flottaste innsats eg har sett -- og ta takken med dykk til alle kvinner og solidariske menn på Stord! Takk for tidenes 8. mars som sette 70-talets raudstrømper alldeles i skuggen, men no er raudstrømper i alle moglege generasjonar på vakt stand-by. Og ta imot eit godt og jamvel velmeint råd, Erna Solberg: ikkje tull med abortlova ein gong til! For du er ikkje i hamn enno.

Så me fylgjer godt med, frå absolutt heile landet, med og utan raude strømper! Dessutan: Redusert pappaperm er korkje god pappapolitikk eller god likestillingspolitikk. Færre barnehageplassar er likestilling i revers. Og kontantstøtta vil altså ikkje norske småbarnsforeldre ha -- så kvifor ikkje byggja dei barnehageplassane som trengst? Det er eit velmeint råd, det også, frå heile fagrørsla og kvinne-Noreg og vel så det!

Kameratar

-- det skal ein gong bli like fint å jobba som å dansa. Men vi er alldeles ikkje der. Både i Noreg og Europa elles er sosial dumping blant dei aller største trugsmåla mot eit velorganisert og anstendig arbeidsliv. Grov utnytting av migrasjonsarbeidarar har vorte eit verktøy for internasjonale høgrekrefter i kampen mot faglege rettar og sjølve fagrørsla. Både norsk politi og styresmakter elles melder no om regelrett kriminalitetsutvikling på arbeidsmarknaden. Mafiatilstandar, vert det sagt om bygningsbransjen i Oslo der seriøse firma som driv kvitt kastar korta fordi dei ikkje kan og vil konkurrera med svart arbeid, grov menneskehandel og kriminalitet. EØS-avtalen er ikkje på lag med oss i kampen mot sosial dumping. Og vi veit at taper vi kampen mot sosial dumping, taper vi den norske velferdsstaten. Vi treng ikkje meir marknad og mindre regulering. Vi treng meir regulering og mindre marknad. Fagrørsla må kompromisslaust kjempa mot alle direktiv og EU-reglar som legg hindringar i vegen for eit regulert og velordna norsk arbeidsliv -- og spør de meg, burde vi sanneleg min hatt få erstatta dagens EØS-avtale med eit mindre omfattande avtaleregime med den Europeiske Union! EØS-avtalen fungerer som abonnement på høgrepolitikk, og høgrepolitikk har vi jammen meg nok av om ikkje vi skal påtvingast endå meir av det slaget via EØS-avtalen.

Kameratar.

FNs klimapanel har nyleg lagt fram sine rapportar. Biletet som vert teikna er dystert. Det krevst handling og grunnleggjande omlegging om kloten skal unngå katastrofal oppvarming som vil truga både levesett og liv. Vi må redusera utslepp, og vi må tilpassa oss eit endra klima. Klimaskeptikarane sin tidsalder må vera slutt, sjølv om det finst nøgda i den norske regjeringa. Nei, jorda er altså ikkje flat, ikkje når det kjem til klimaet heller! Vi har mist fleire år gjennom nesten berre å basera klimapolitikken vår på å få til internasjonale avtalar og stimulera marknadsmekanismar som kvotehandel. I klimapolitikken er ikkje marknaden løysinga, men ein vesentleg del av problemet. Og det er ikkje mykje oppløftande når miljøvernminister Sundtoft sitt svar på alle spørsmål er at regjeringa vil setja ned ein grøn skattekommisjon. Slik går det når ein på autopilot svarar skattelette! på eitkvart spørsmål.

Den store elefanten i rommet i norsk klimapolitikk er Noregs rolle som storprodusent av olje og gass. Skal verdssamfunnet i det heile slita oss nær eit 2 graders mål, må mestedelen av jordas fossile brensel bli liggjande i bakken. Og den norske sokkelen er ikkje eit reservat med eigne reglar. Sjølv om vi totalt skulle slutta å brenna kol, må halvedelen av oljereservane bli liggjande. Det er dei rike landa som er hovudansvarlege for klimakrisa. Difor er det vi som må ta dei største utsleppskutta, lika det eller ikkje. Lat oss koma i gang med skikkelege utsleppskutt og omlegging her heime og bli eit eksempel til etterfølging i staden for ein oljedopa rævediltar. Elles vil vi oppleva ein økonomisk blåmandag inkje oljefond kan hjelpa oss ut or, og næringslivet på Vestlandet vil vera verst stilt i heile landet!

Oljealderen i norsk økonomi går faktisk mot slutten. Vi veit at vi i framtida må utvinna mykje mindre olje og gass enn i dag. Vi må redusera investeringstempoet i oljenæringa for å satsa på kunnskapsbedrifter, miljøteknologi og grøn industri. Aktiv eigarskap, langsiktige kraftavtalar og offentleg støtte til betre miljøteknologi kan gjera Noreg til industrinasjon også i framtida. Men vi må starta NO! SV har stilt krav om time-out i norsk oljeleiting, og vi har stilt krav om eit eige klimabudsjett som viser kostnadene ved ein politikk som ikkje er berekraftig.

De veit eg er SV-ar. For SV heng det raude og det grøne uløyseleg saman. Samfunn med små forskjellar og stor tillit er beste rusta for det grøne skiftet som må koma. Den raskaste -- og einast moglege -- vegen til det grøne samfunnet er raud. Å leggja om samfunnet slik klimaendringane krev av oss, krev politisk styring av marknadskreftene og samfunnsutviklinga.

Den norske modellen, ja. Den med høvesvis små skilnader og tillit mellom folk -- og folk og styresmakter, sterk fagrørsle, treparts-samarbeid -- det er vår modell, kjempa fram av fagrørsla og ei brei venstreside, somtid i kompromiss med høgresida også. Men det er vår modell, det er vi som har kjempa fram dei store reformene og heile velferdsstaten. Høgre og Co har som oftast røysta imot når det kom til stykket, nett som med abortlova. Høgre og FrP vil såkalla mjuka opp arbeidsmiljølova. Fleksibilietet, seier dei, fleksibilitet. Men vi kjenner lusa på gangen! Det betyr færre faste stillingar, fleire mellombelse tilsetjingar, det betyr 13-timars dagar, det betyr å gjera om forhandlingsrett nasjonalt til arbeidsgjevars styringsrett lokalt, det betyr små stillingsbrøkar, meir ubekvem arbeidstid og helst utan ubekvemstillegg. Det betyr post-moderne lausarbeidarsamfunn med «call girls» som aldri kan sleppa mobiltelefonen or handa i von om å få ei vakt til slik at familiebudsjettet er berga ein månad til. Vetle-Høgre, dvs. Venstre, synest regjeringa går for sakte fram med borgarleg arbeidslivspolitikk og meiner regjeringa er feige og unnfallande ... overfor fagrørsla då, vel ... jojo.

Kanskje det var arbeidslivsliberalistane i Venstre KS let seg inspirera av, då dei tok ein Kristin Clemet, dvs. eit bakhaldsåtak på heile lærarstanden her i vinter? KS ville ta frå lærarorganisasjonane forhandlingsretten for arbeidstid og overlata den til rektors styringsrett på den einskilde skule. Lokal deregulering i verste nyliberalisme-ånd! Neste kapittel etter at utdanningsminister Clemet i Bondevik II i ein sjokk-operasjon overførte arbeidsgjevaransvaret for 100.000 lærarar frå staten til kommunane -- og informerte lærarane sine fremste tillitsvalde på sms! Av ein eller annan grunn vil KS at lærarane skal vera mindre på skulen når elevane er der -- og meir på skulen når elevane ikkje er der -- stikk i strid med all sunn fornuft og logikk og folkevit og norske skuleår. Alle vi som ikkje er KS, vi skjønar at lærarane må ha tid til å førebu timar til elevane er på skulen, at lærarane må ha tid til rettearbeid etter timar og elevarbeid -- i skuleåret! Alle vi som ikkje er KS og kunnskapsministeren, vi var og er på lærarane sitt lag. Norske ordførarar også. Dei opplevde ikkje at KS snakka for dei, sa dei i hopetal til alle aviser som ville spørja. KS anno 2014 gjorde skulen til ei slagmark -- og vart sin eigen verste reklame som arbeidsgjevar. Dersom ikkje KS for alvor snur på flisa og behandlar norske lærarar og lærarorganisasjonar med vit og forstand, vel, så må dei vera ved vegs ende som nasjonal arbeidsgjevar. Ferdig snakka!

«Betre kjapp og privat enn offentleg og lat.» Det var Unge Høgre før Høgre kom i regjering. Det hjarta er fullt av, renn munnen over med. Og er det kanskje inst inne eit uttrykk for same ideologi og mistillit til dei tilsette når høgresida konkurranseutset reinhaldstenester, heimesjukepleie og heimehjelp så det kostar etter i kommune etter kommune? Idet kyrkjeklokkene ringde jula inn i fjor, fekk konkurranseutsette reinhaldarar i Austevoll oppseiing, på sms, om eg hugsar rett. No veit eg at reinhaldarane er under konkurranseutsetjing her på Stord. Ja, det er løn- og pensjonsvilkåra dykkar dei private vil tena pengar på. Så rått er det. Ved konkurranseutsetjing er dei tilsette sine pensjonsvilkår det fyrste rom ryk. Deretter effektiviserer ein vekk kvalitet og faglegheit. Og yrkesstoltheita. Høgresida ser på offentleg sektor fyrst og fremst som ein arena for marknad og i alle fall marknadstenking -- og offentleg drift er nærast eit nødvendig vonde. Slik som kulturministeren som synest yr.no står i vegen for kommersielle interesser -- fordi dei er for gode! I Bergen har det borgarlege byrådet allergi mot å byggja kommunale barnehageplassar -- vi har no under 30 % kommunale plassar. Men eg skjønar det er endå verre på Stord -- og verre enn verst på Bømlo! Og vi høyrer ingenting om det frie brukarval når ikkje foreldre har sjanse til å få ein kommunal barnehageplass! Norske barnehagar utviklar seg i lei megabarnehagar -- avdi dei kommersielle tenkjer stordrift og profitt til sine sinnrike selskapskonglomerat -- og med morselskapspostadresse i skatteparadis. Nei, det er ikkje storkjefta sosialistisk skremselspropaganda. Hadde det endå vore så vel! Og kommersens inntog i kommunal velferd er heller ikkje eit storbyfenomen lenger. Høgresida som snakkar svivørsleg om offentlege monopol, dei prisgjev kommunale velferdstenester kommersielle monopol og utarmar den kommunale kompetansen. Bortsett frå når det gjeld anbodsutrekning, kontroll og rapportering. Det inneber eit teljekant-tyranni overfor dei tilsette i offentleg sektor som langt overstig fyrstegongstenesta i militæret. Og det har ingenting med fridom å gjera. Ingenting. Det står jamvel i vegen for kvalitet. Men kanskje må det bli slik når eins største fridomsprosjekt er segway, lakrispiper, proffboksing, snøskuterkøyring og sundagsopne butikkar? 

Kameratar,

det er eit pervertert og smått fridomsomgrep høgresida smykkar seg med! Og det er reint ideologisk blindgjengeri når regjeringa seier at velferdsproduksjon skil seg lite frå annan produksjon -- altså at rustbehandling og spikar-produksjon i prinsippet er det same som kreftbehandling og heimesjukepleie. Som eg forresten hardnakka vil hevda ikkje er produksjon, men helsetenester -- som alldeles ikkje kan sameinast med produksjonsomgrepet!

Kameratar.

Vi må byggja vår velferd, helse, skule og barnehagar på tillit og fellesskap, ikkje mistillit og konkurranse. Vi må ta eit oppgjer med marknadstenking og butikkprinsipp i offentleg sektor. Vi må gje dei tilsette tillit og fridom til å tenkja gode faglege løysingar sjølve. Dei er profesjonelle fagfolk! Vi må ha tillit til innbyggjarane også, til pleietrengjande og pårørande når det gjeld å påpeika velferdsbehova -- i staden for at fagfolk vert tvinga til å vera byråkratar med stoppeklokke som skal utmåla omsorg ned i halve og kvarte minutt! Vi må gjeninnføra relasjonen mellom hjelpetrengjande og fagperson som ein verdi, sjølv om den ikkje kan målast eller vegast!

Tida er inne til å halda storreingjering i skjema og rapporteringskrav. Vi må rett og slett stoppa målehysteriet. Måleveldet høyrer masseproduksjonen til. Velferd, skule, barnehage og omsorg er ikkje masseproduksjon -- nei!

Og kameratar, la oss setja oss som mål at kvar einaste skattekrone skal gå til velferd og fellesskap for innbyggjarane. Det tilsynelatande billege har alltid ein kostnad. Fagrørsla og venstresida veit at god kvalitet i tenester er avhengig av profesjonelle tilsette i faste og heile stillingar, av anstendige løns- og arbeidsvilkår som gjev ei løn å leva av og ein dag å leva med. Og ein pensjon å leva med -- for menn og for kvinner.

Kjære alle saman!

Den organiserte fagrørslas fyrste grunnleggjande krav i Noreg var 8 timarsdagen: «8 Timers Arbejde, 8 timers Frihed, 8 timers Hvile.» Frihed, kameratar, alltid Frihed. I år er det 95 år sidan 8 timarsdagen vart lovfesta. No er det på høg tid å reisa fana for 6 timars arbeidsdag. Nei, det er ikke urealistisk. Nei, det er ikkje utdatert 70-tals raudstrømpepreik! Når høgresida seier at vi må jobba meir i framtida for å finansiera den velferda dei uansett vil overlata til kommers og den einskildes lommebok, er det ein myte. Det også. Innan 2060 er det private forbruket i Noreg pårekna å vera nesten fire gonger større enn i dag. Det betyr at det store fleirtalet av oss trygt kan seia frå oss forbruksauke og bidra til stuttare arbeidstid i staden, til ein 6 timarsdag som kan gje både Frihed, livskvalitet, likeløn, likestilling og meir tid til lokalsamfunnsarbeid og politisk arbeid -- og til eit meir berekraftig forbruk! Kravet om 6 timarsdagen har vore bore oppe av kvinnerørsla og den kvinnerike delen av fagrørsla -- også i einskildprosjekt. Åtti år er det sidan Sulitjelma Arbeidarforening reiste 6 timarsdags-kravet. Det er vel bra omrømingstid, det?

Fridom, likskap, solidaritet -- fridom, likskap, brorskap -- like attende til den franske revolusjon går orda som er like aktuelle i dag. I Sunnhordland til liks med bygder og byar i heilt andre land og delar av verda. 1. mai: arbeidar- og fagrørslas aller største dag -- gratulerer med dagjen!